Hopp til innhold
Foto: Andrès Vilà, Flickr.com CC BY-SA 2.0
Foto: Andrès Vilà, Flickr.com CC BY-SA 2.0
X
Innhald

Karlheinz Stockhausen

Karlheinz Stockhausen, tysk komponist, ein av dei viktigaste komponistane i etterkrigstida og leiande innanfor seriell og elektronisk musikk.

Karlheinz Stockhausen var fødd 22. august 1928 i Mödrath i Tyskland og døydde 5. desember 2007 i Kürten. Mor hans døydde på eit sanatorium i 1942, truleg drepen av nazistane. Faren døydde på austfronten i 1945, og Stockhausen arbeidde sjølv ved eit feltsjukehus i siste fase av krigen. Frå 1947 til 1951 tok han musikklærarstudiet ved musikkhøgskulen i Köln og studerte musikkvitskap, filosofi og tysk ved Universitetet i Köln. Frå 1954 til 1956 studerte han fonetikk og kommunikasjonsteori ved Universitetet i Bonn.

I 1953 vart han assistent ved det elektroniske musikkstudioet til Nordwestdeutscher Rundfunk (NWDR) i Köln, og han var sjef for studioet frå 1963 til 1977. Han var fast innleiar på det årlege sommarkurset i Darmstadt frå 1953 til 1974 og professor ved musikkhøgskulen i Köln frå 1971 til 1977.

Stockhausen sitt viktigaste tidlege verk er Gesang der Jünglinge (1955–56), som ofte vert rekna som det første meisterverket innanfor elektronisk musikk. Det var eit pionerverk innanfor den elektro-akustiske musikken (musikk som kombinerer elektronisk framstilt lyd og lydopptak) og revolusjonerande innanfor spatialisering (lyden si rørsle i rom). Av dei seine verka hans dominerer operasyklusen Licht (1977–2003).

(Artikkelen held fram under videoen)

Video: utdrag frå Gesang der Jünglinge (1955–56)

Stockhausen skreiv musikk i nesten seksti år og hadde stor påverknad på andre komponistar, innanfor både samtidsmusikk og populærmusikk. Han fekk ei rekkje prisar og utmerkingar, mellom anna den tyske fortenestekrossen av første klasse, kommandør av den franske ordenen for kunst og litteratur, fortenesteordenen for Nordrhein-Westfalen, Ernst von Siemens Musikpreis og Polar Music Prize. Han var æresmedlem i mellom anna the Royal Academy of Music og the American Academy of Arts and Sciences, og han var æresdoktor ved Freie Universität Berlin.

Elektronisk musikk

I 1952 reiste Stockhausen til Paris, der han studerte under Olivier Messiaen og fekk eksperimentere hos Pierre Schaeffer i det franske radiostudioet (GRM). Då han fekk tilgang til NWDR-studioet i Köln, gjekk han straks i gang med å komponere der, og det første verket hans var den serielle komposisjonen Studie I (1953), laga utelukkande med elektronisk genererte sinustonar.

Gesang der Jünglinge vart komponert ved å kombinere opptak av ein gutesopran som song bibeltekstar, og elektroniske sinustonar. Det var det første verket som kombinerte desse metodane: Komposisjon med lydopptak høyrde til den franske musique concrète-skulen, medan elektronisk generert lyd kom frå hans eige tyske miljø. Rett før hadde han skrive instrumentalverket Gruppen, der musikarane var plasserte på ulike stader rundt publikum. Dette tok han vidare i Gesang der Jünglinge, som han skreiv for fem roterande høgtalarar som omkransa publikum. Denne metoden vart toneangivande, mellom anna for popgrupper som The Beatles og Pink Floyd, som populariserte teknikken.

Mot eksperimentell musikk

Stockhausen var den første europearen som eksperimenterte med «open form», som inneber at eit musikkstykke kan ha ulikt musikalsk innhald kvar gong det vert framført. I Klavierstück XI (1956) skal pianisten spontant bestemme rekkefølgja av 19 noterte musikkfragment, spreidde utover eitt noteark. I Zyklus (1959) er noteheftet bunde saman slik at stykket kan starte på kva side som helst.

Kulminasjonen av Stockhausen sin eksperimentelle musikk var Aus den sieben Tagen (1968). Notane for verket er berre 15 tekstinstruksjonar, som stammar frå ein sju dagar lang faste Stockhausen gjekk igjennom i mai 1968. Tekstane seier ingenting direkte om musikken, men er mystiske instruksjonar til utøvarane, til dømes «Spel ein vibrasjon i rytmen til universet» (frå «Aufwärts»).

Han skreiv berre to reine elektro-akustiske verk i 1960-åra, men begge var sentrale: Telemusik (1966) kombinerer opptak av tradisjonell musikk frå mange land med elektronisk genererte lydar og vert gjerne omtalt som det første world music-verket. Hymnen (1966–67) vart komponert med opptak av mange ulike nasjonalsongar og elektronisk generert lyd. Som alle dei elektro-akustiske verka hans vart kollasjen av dei ulike lydkjeldene sirleg forma til ein musikalsk heilskap. Likevel er det langt mellom den puristiske serialismen i verk som Studie I og dei fargerike klanglandskapa i Telemusik og Hymnen.

Korverket Stimmung (1968) er basert på berre éin akkord, og Stockhausen instruerte i staden songarane til å fokusere på ulike tonar i det harmoniske spektrumet (overtonerekkja) til grunntonen. Verket var banebrytande og førespegla den såkalla spektralmusikken i 1970-åra.

Licht og Klang

Frå 1977 arbeidde Stockhausen utrøytteleg på den gigantiske operasyklusen Licht. Die sieben Tage der Woche (1977–2003). Teksten reflekterer Stockhausen sin religiøsitet, og dei bibelske figurane Mikael, Lucifer og Eva har dei sentrale rollene. Verket tek til saman 29 timar å framføre og er eit av dei mest ambisiøse komposisjonsprosjekta i musikkhistoria. Fleire stader krev notane uvanlege forhold ved framføringa, og det mest kjende dømet er «Helikopter-strykekvartetten», der fire strykarar spelar medan dei vert frakta opp i lufta av kvart sitt helikopter.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video: Helikopter-strykekvartetten» frå Licht. Die sieben Tage der Woche.

Stockhausen sitt siste verk var Klang. Die 24 Stunden des Tages (2004–07). Verket skulle innehalde eitt kammermusikkstykke for kvar time av døgnet, og han arbeidde framleis med verket då han døydde i 2007.

Kjelder

Thom Holmes: Electronic and Experimental Music. Technology, Music, and Culture. Third Edition. New York / London 2008

Paul Griffiths: «Stockhausen, Karlheinz», The Oxford Companion to MusicOxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/opr/t114/e6474 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 11.6.2014]

The Guardian: «The Guardian Profile: Karlheinz Stockhausen», publisert 29.9.2001: http://www.theguardian.com/education/2001/sep/29/arts.highereducation3 [lesedato 11.6.2014]

Michael Manion: «From tape loops to MIDI. Karlheinz Stockhausen's forty years of electronic music», publisert på stockhausen.org, utan dato: http://www.stockhausen.org/tape_loops.html [lesedato 11.6.2014]

Jøran Rudi: «Karlheinz Stockhausen», tekst til Ultima-festivalen si programbok for 2008: http://users.notam02.no/~joranru/Stockhausen_Ultima2008.pdf [lesedato 11.6.2014]

Stockhausen-stiftinga, biografi om komponisten: http://www.karlheinzstockhausen.org/karlheinz_stockhausen_short_biography_english.htm [lesedato 11.6.2014]

Richard Toop: «Stockhausen, Karlheinz», Grove Music OnlineOxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/26808 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 11.6.2014]


Først publisert: 29.10.2014
Sist oppdatert: 05.12.2020