Faktaboks

Kurt Weill
Kurt Julian Weill
Uttale
vail
Fødd
2. mars 1900, Dessau, Tyskland
Død
3. april 1950, New York, USA
Kurt Weill, 1943
Av /AP Photo/NTB Scanpix.
Kurt Weill og Lotte Lenya
Kurt Weill og hans kone, sangeren og skuespilleren Lotte Lenya, i deres hjem i New York, 1942.
Av /AP Photo/NTB Scanpix.

Kurt Weill var ein sentral tysk komponist frå perioda etter første verdskrigen. Han er mest kjend for operaene Tolvskillingsoperaen og Mahagonny, skrivne saman med poeten Bertolt Brecht. Stilen hans er tydeleg påverka av jazz og samtidig danse- og populærmusikk.

Tidleg liv

Kurt Julian Weill var fødd i Dessau i Tyskland og døydde i New York i USA. Weill var son av sjefskantoren i synagoga i Dessau. 18 år gamal vart han teken opp ved Berlin Musikhochschule, der han studerte eitt år under operakomponisten Engelbert Humperdinck. Han var òg elev av komponisten Ferruccio Busoni. Weill var gift med songaren og skodespelaren Lotte Lenya frå 1926 til 1933 og igjen frå 1937.

I 1926 vart namnet hans kjent, etter premieren på Der Protagonist, ein kortopera som han komponerte, og der librettoen var skriven av den ekspresjonistiske dramatikaren Georg Kaiser. Etter dette vart Weill invitert til å skrive noko til kammermusikkfestivalen i Baden-Baden i 1927. Bertolt Brecht og Weill hadde alt starta samarbeidet sitt, så Weill valde å lage eit «songspel» (tysk: «Songspiel») basert på dei fem Mahagonny-songane frå Brecht si diktsamling Die Hauspostille. Premieren i Baden-Baden vart ein suksess, og dei to bestemte seg for å utvide verket til ein heil opera.

Weill skreiv òg kantatar, slik som Der Lindberghflug (1929) og instrumentalmusikk, mellom anna ein fiolinkonsert (1924), to symfoniar (1921 og 1934), ballettmusikk i The Seven Deadly Sins (1933) og filmmusikk.

Tolvskillingsoperaen

Det mest kjende verket til Weill og Brecht er Tolvskillingsoperaen (Die Dreigroschenoper), først framført i Berlin i 1928. Brechts libretto er basert på John Gay sin satiriske opera The Beggar's Opera frå 1728, men Weill brukte berre éin melodi frå den engelske originalen. Brecht forma Gay sin kvasse samfunnskritikk til ein dagsaktuell kritikk av dei store sosiale skilnadene i Weimarrepublikken, den svake og ustabile tyske staten i mellomkrigsåra. Weill sine komposisjonar var fengjande og tidsriktige, og fleire av dei, til dømes «Balladen om Mackie Kniven» («Die Moritat von Mackie Messer») og «Sjørøvar-Jenny» («Seeräuber-Jenny») er tekne opp i jazzstandardrepertoaret.

Tolvskillingsoperaen vart ein stor teatersuksessen, med meir enn 350 framføringar dei første to åra. Stykket spreidde seg snart utanfor landegrensene, og i 1933 hadde forlaget til Weill alt godkjent heile 133 nye produksjonar over heile verda. Tolvskillingsoperaen er omsett til nynorsk av Halldis Moren Vesaas og til bokmål av André Bjerke og Pauline Hall. Stykket har vore spela på Det norske Teatret fleire gonger.

Mahagonny og andre Brecht-samarbeid

Det neste prosjektet for Weill og Brecht, etter Tolvskillingsoperaen, var mannskorkantaten Berlinarrekviemet (Das Berliner Requiem), skrive på oppdrag frå Radio Frankfurt i 1928. Brecht sine tekstar tek her for seg døden, med eit verdsleg utgangspunkt, i motsetnad til eit kyrkjeleg rekviem. Tekstane handlar spesielt om dei døde som vert gløymde av samfunnet, som den ukjende soldaten og uskuldige valdsoffer som aldri vert funne att.

Vegen frå songspelet Mahagonny til den fullverdige operaen Mahagonny (Aufstieg und Fall der Stadt Mahagonny) var lang, men stykket vart ferdig og urframført i Leipzig i 1930. Brecht var oppteken av «verfremdung»-metoden sin, som gjekk ut på å bruke ulike teknikkar for å sikre at publikum ikkje reagerer emosjonelt, men intellektuelt reflekterande, på det dei ser på scena. Den mest kjende songen frå operaen er «Alabama Song», som rockegruppa The Doors gjorde populær i 1966.

Andre kjende samarbeid mellom Brecht og Weill frå denne perioden er Happy End (1929) og Der Ja-Sager (1930).

Eksil

Kurt Weill

Kurt Weill. Foto fra omkring 1947.

Av /KF-arkiv ※.

nazistane kom til makta i 1933, vart det uleveleg i Tyskland for ein venstreorienterte jøde som Weill. Han flykta først til Paris, der han skreiv det siste Brecht-verket sitt, korballetten Småborgarane sine sju dødssynder (Die sieben Todsünden der Kleinbürger). Han flytta til Amerika i 1935 og blei amerikansk statsborgar i 1943. Der retta han merksemda si mot Broadway, folkeopera og filmmusikk.

Dei mest kjende verka hans frå tida i Amerika er musikalane Knickerbocker Holiday (1938, tekst av Maxwell Anderson), Lady in the Dark (1941, tekst av Moss Hart og Ira Gershwin), One Touch of Venus (1943, tekst av S. J. Perelman og Ogden Nash), Street Scene (1947) etter Elmer Rice og Lost in the Stars (1949; tekst av Maxwell Anderson).

Musikalsk særpreg

Då Weill slo igjennom under Weimarrepublikken var musikklivet i Tyskland prega av ei bølgje av «nysaklegheit» («Neue Sachlichkeit»), som ein reaksjon på den utilgjengelege ekspresjonismen til den andre wienerskulen og etterfølgjarane deira. Denne «nye saklegheita» la vekt på at musikken skulle vere tilgjengeleg for vanlege folk, og at han skulle vere knytt til sosiale hendingar i samtida.

Hanns Eisler sine kampsongar, Ernst Krenek sin opera Johnny spelar opp (Johnny spielt auf) og Paul Hindemith sin «bruksmusikk» («Gebrauchsmusik») er døme på produkt av denne bølgja, som stridde mot både det wagnerske idealet som hadde dominert sidan slutten på 1800-talet og den atonale ekspresjonismen som var populære i tiåra før.

Den musikalske stilen til Weill ligg midt mellom musikalsk komedie og opera og er prega av ein særeigen harmonikk, inspirert både av populærmusikk, jazz og Stravinskij og Bartok sitt austeuropeiske tonespråk. Dei store sceneverka til Weill er meisterleg strukturerte som blandingar av songsirklar og samanhengande operaer og syner tydeleg den heilskaplege visjonen i den ukomfortable og «hakkete» musikken.

Songane til Weill tek rare og uventa vendingar, ofte i strid med logikken i teksten, særleg i Brecht-songane. Eit godt døme er den mest kjende songen til Weill, «Mackie Kniven», som først verkar svært enkel, men likevel er heilt ulogisk oppbygd, då melodien ikkje vert oppløyst mot slutten.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Burkholder, Grout & Palisca: A History of Western Music, 8th edition. W.W. Norton & Company Inc., New York, London 2010
  • Drew, David: Kurt Weill : a handbook, 1987
  • Farneth, David m.fl.: Kurt Weill : a life in pictures and documents, 2000
  • Hirsch, Foster: Kurt Weill on stage : from Berlin to Broadway, 2002
  • Jarman, Douglas: Kurt Weill : an illustrated biography, 1982
  • Sanders, Ronald: The days grow short : the life and music of Kurt Weill, 1991
  • Schebera, Jürgen: Kurt Weill : an illustrated life, 1995
  • Taylor, Ronald: Kurt Weill : composer in a divided world, 1992

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg