Hopp til innhold
X
Innhald

London Contemporary Dance Theatre

London Contemporary Dance Theatre, moderne britisk danseensemble som vart grunnlagt i 1969. Skulen ved ensemblet, London School of Contemporary Dance, held hus i same bygningen, The Place.
 
 Den amerikanske dansaren, pedagogen og koreografen Robert Cohan (fødd 1925) var i ei årrekkje leiar av institusjonen. London Contemporary Dance Theatre har vore svært viktig for moderne dans.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 26.05.2014