Hopp til innhold
X
Innhald

Martial Solal

Martial Solal, fødd 1927, er fransk jazzmusikar, pianist og komponist. Solal er fødd i Algerie, var verksam i Paris frå 1950 og spela mykje med amerikanske gjestemusikarar. Han har komponert filmmusikk for Godard og Truffaut, og i stilen er han påverka av Bartók.
 
Som jazzsolist har Solal ein svært personleg stil, og han er rekna som ein av dei leiande jazzmusikarane i Europa.
 
Foto: Guillaume Laurent Flickr.com CC BY-NC-SA
Foto: Guillaume Laurent Flickr.com CC BY-NC-SA

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 11.05.2014