Hopp til innhold
X
Innhald

Mikis Theodorakis

Mikis Theodorakis, fødd 1925, er gresk komponist og politikar. Theodorakis er populær og internasjonalt kjend, og han har ein stor produksjon bak seg. Musikken hans er ofte knytt til gresk folkemusikk.
 
Theodorakis braut gjennom internasjonalt med musikken til filmen Zorba the Greek (1965). Etter militærkuppet i 1967 vart musikken hans forboden, og han har vore fengsla fleire gonger. I lang tid har han budd i utlandet.
 

Foto: Louis Konstantinou, Flickr.com CC BY-ND

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 14.05.2014