Hopp til innhold
X
Innhald

Niklas Ek

Niklas Ek, fødd 1943, er svensk dansar. Ek er son av Birgit Cullberg, og frå 1967 var han ein leiande dansar i Cullberg-balletten i ei årrekkje. Han var vidare ved Béjarts Ballet du XXe Siècle i 1972–75, og frå 1978 ved Operaballetten i Stockholm.
 
Kjende roller er mellom anna Jean i Frk. Julie (Cullberg) og Peer Gynt i fjernsynsballetten til Cullberg. I dag er han frilansdansar og skodespelar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.05.2014