Hopp til innhold
X
Innhald

Oasis

Oasis, britisk popgruppe frå Manchester som vart danna i 1991. Gruppa er Beatles-inspirert og flaggskip for den såkalla brit-popen. Oasis er leidd av brørne Noel (gitar og komponist) og Liam (songar) Gallagher. I midten av 1990-åra vart gruppa sett på som det største pop/rock-bandet i verda.
 
Oasis har gitt ut albuma Definitely Maybe (1993), (What’s The Story) Morning Glory? (1995), Be Here Now (1997), Standing on the Shoulder of Giants (2000), Heathen Chemistry (2002), Don’t Believe the Truth (2005) og Dig Out Your Soul (2008).
 
Foto: Will Fresch Flickr.com CC BY-SA
Foto: Will Fresch Flickr.com CC BY-SA
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 29.04.2014