Hopp til innhold
X
Innhald

Pet Shop Boys

Pet Shop Boys, britisk popduo med Neil Tennant (fødd 1954, vokal) og Chris Lowe (fødd 1959, keyboard). Dei braut gjennom med singelen «West End Girls» i 1984.
 
Duoen har spesialisert seg på «stor», diskovenleg popmusikk innanfor synthsjangeren med lett ironiske tekstar. Pet Shop Boys hadde ei rekkje hits både i 1980- og 1990-åra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.05.2014