Hopp til innhold
X
Innhald

Pink Floyd

Pink Floyd, britisk rockband som vart etablert i 1965 med Roger Waters på bass og song, Nick Mason på trommer, Richard Wright på keyboard og Syd Barrett på gitar og song. Barrett vart skifta ut med David Gilmour i 1968. Via psykedelisk symfonisk rock utvikla Pink Floyd seg til å bli eit av dei største banda i verda med utgivinga av The Dark Side Of The Moon (1973). Dei stod også bak filmen og LP-en The Wall (1979).
Pink Floyd hadde eit særeige lydbilete med ein melankolsk og harmonisk enkel musikk. Bandet vart løyst opp i 1983, men har seinare vore samla att utan Waters, som har satsa på solokarriere.
Foto: Wikimedia.org

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.05.2014