Hopp til innhold
X
Innhald

Pogues

Pogues, britisk rockgruppe som vart danna i 1982. Vokalisten Shane MacGovan (fødd 1957) var sentral fram til han slutta i 1991.
Pogues spela ei blanding mellom rock, punk og folkemusikk, særleg irsk, og dette gav dei eit stort publikum.
 
Dei gav mellom anna ut albuma Red Roses for Me (debut, 1984), If I Should Fall From Grace With God (1987) og Pogue Mahone (1995). Gruppa vart løyst opp i 1996.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.05.2014