Hopp til innhold
X
Innhald

Queen

Queen, britisk rockgruppe som vart danna i 1970 av vokalisten Freddie Mercury (eigentleg Frederick Bulsara, 1946–91), gitaristen Brian May (fødd 1947), bassisten John Deacon (fødd 1951) og trommeslagaren Roger Taylor (fødd 1949).
 
Queen miksa på særeige vis tungrock og glam rock. Dei braut gjennom med singelen «Bohemian Rhapsody» frå albumet A Night At The Opera (1975).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 09.05.2014