Hopp til innhold
X
Innhald

Richard Strauss

Richard Georg Strauss, tysk komponist og dirigent. Han vert særleg hugsa for tonedikta og operaene sine, kjenneteikna av seinromantisk harmoni og storslått orkestrering.

Richard Strauss var fødd i München 11. juni 1864 og døydde i Garmisch-Partenkirchen 8. september 1949. Far hans spela førstehorn i hofforkesteret i München og var den dominerande figuren i Strauss si musikalske oppseding. Strauss spela piano frå han var fire, komponerte frå han var seks og spela fiolin frå han var åtte. Han hadde ein god skulegang, først på katedralskulen og sidan på Ludvigs-gymnaset i München, der han òg fekk si første og einaste komposisjonsundervising frå nokon annan enn faren. Han studerte òg ein kort periode ved universitetet i München vinteren 1882–83.

Strauss komponerte musikk i over 80 år, ein eksepsjonelt lang karriere i musikkhistoria. Han hadde mange viktige stillingar i det tyske musikklivet, mellom anna var han kapellmeister for operahusa i München (1894–98) og Berlin (1898–1918) og leiar for statsoperaen i Wien (1919–24). Det musikalske ettermælet hans var allereie sikra rundt 1900, med den sterke samlinga «tonedikt», som fram til første verdskrigen var rekna som toppen av musikalsk modernisme. Av desse tonedikta er gjennombrotsverket Don Juan (1888), Till Eulenspiegels lystige strekar (1895) og Slik talte Zarathustra (1896) dei mest kjende. Men frå hundreårsskiftet var det først og fremst opera han vigde seg til, og i denne sjangeren skreiv han mange verk som framleis vert mykje framførte. Av desse er Salome (1905), Elektra (1909) og Rosenkavaleren (1911) dei viktigaste.

Då nazistane tok makta i 1933, vart Strauss tilsett som president i det statlege musikkbyrået «Reichsmusikkammer». Han vart verande i Wien gjennom andre verdskrigen, men hadde fleire konfliktar med naziregimet. Mellom anna samarbeidde han med den jødiske forfattaren Stefan Zweig, og han prøvde fåfengt mot slutten av krigen å berge slekta til den jødiske svigerdotter si frå konsentrasjonsleirane. Han vart frikjend av de-nazifiseringstribunalet i 1948, men mange klandra han for at han aldri forlét landet.

Tonediktar

Strauss vart tidleg teken under vengene til dirigentlegenda Hans von Bülow, som ikkje berre hjelpte han med dei første premierane, men som i 1885 òg tilsette han som assistentdirigent for orkesteret i Meiningen. 21-åringen modna raskt og fekk perspektivet sitt utvida av tankane til Schopenhauer og, ikkje minst, musikken til Wagner og Liszt. Dette mislikte far hans, som stod på den konservative Brahms-sida i den bitre striden mellom tilhengjarane av programmatisk og tilhengjarane av absolutt musikk.

Attende i München tok han til å skrive såkalla «tonedikt», ein sjanger som låg nær Liszt sine «symfoniske dikt», altså store, frittståande orkesterstykke, skrivne til ein utanommusikalsk programtekst. Mellom desse stykka var Don Juan (1888), som vart gjennombrotsverket hans. Musikalsk var verket strålande, men det var òg kontroversielt, med ein seksuelt ladd tematikk. Strauss vart no teken på alvor, ikkje berre i Tyskland, men over heile Europa.

Snart var han den fremste arvtakaren etter Wagner og Liszt, og han kombinerte ein ny jobb som kapellmeister i Weimar med å assistere enkja etter Wagner, Cosima, med å arrangere festspela i Bayreuth. Samstundes komponerte han dei beste tonedikta sine, der Slik talte Zarathustra («Also sprach Zarathustra», 1896), Don Quixote (1897) og Till Eulenspiegels lystige strekar («Till Eulenspiegels lustige Streiche», 1895) ragar høgast, i tillegg til Don Juan. Det førstnemnde tonediktet fekk ein renessanse i 1968, då Stanley Kubrick brukte det i filmen 2001: A Space Odyssey.

Operakomponist

I 1898 vart Strauss dirigent for hoffoperaen i Berlin. I 1905 skreiv han meisterverket Salome, bygd på skodespelet Salomé av Oscar Wilde. Like etter såg han teaterstykket Elektra, skrive av den ti år yngre Hugo von Hofmannsthal. Operaen, med premiere i 1909, markerte både starten på eit langt samarbeid dei imellom og toppunktet for Strauss sine harmoniske utforskingar. Her tek han tonaliteten til brestepunktet, for å uttrykkje spennet i psyken til den hemnlystne hovudpersonen.

Det neste samarbeidet deira var Rosenkavaleren («Der Rosenkavalier», 1911), som både musikalsk og tematisk skil seg dramatisk frå dei to føregåande. I denne komedien, med handlinga lagd til Wien på 1700-talet, brukte Strauss eit nytt element, nemleg wienervalsar og andre innslag av «periodemusikk», medvite komponert i ein gamaldags stil for å gjenskape ein viss periode. Rosenkavaleren vart raskt den mest populære operaen hans, og er det òg fram til i dag. Sjølv om desse tre operaene er dei viktigaste, vert òg Strauss og Hofmannsthal sine neste to operaer, Ariadne på Naxos («Ariadne auf Naxos», 1912, rev. 1916) og Kvinna utan skugge («Die Frau ohne Schatten», 1919) framleis oppførte regelmessig.

Under første verdskrigen vart formuen til Strauss i Bank of England konfiskert som fiendemidlar. Etter Versailles-freden arbeidde han i fem år som kapellmeister for statsoperaen i Wien, der han var med på å starte den viktige Salzburg-festivalen. Her skreiv han òg den delvis sjølvbiografiske operaen Intermezzo (1924), ein «borgarleg komedie» om hans eige ekteskap, som syner noko av spennet i tematikken hans. Strauss heldt fram med å komponere i eit vidt spenn, og den siste operaen hans var den meisterlege einaktaren Capriccio, frå 1942. Mot slutten av andre verdskrigen komponerte han det elegiske strykarverket Metamorphosen (1945), om øydelegginga av Tyskland.

Kjelder

Donald Jay Grout et al.: A History of Western Music, Sixth Edition. New York 2001

Tim Ashley: «Strauss, Richard», The Oxford Companion to Music. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/opr/t114/e6494 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 9.2.2015]

Bryan Gilliam og Charles Youmans: «Strauss, Richard», Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/40117 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 9.2.2015]

David Murray: «Strauss, Richard», The New Grove Dictionary of Opera. Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/O904818 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 9.2.2015]

Først publisert: 01.02.2016
Sist oppdatert: 11.06.2020