Hopp til innhold
X
Innhald

Richard Wagner

Richard Wagner, tysk operakomponist. Han skreiv mellom anna storverket Nibelungenringen og revolusjonerte forholdet mellom dei sceniske kunstartane.

Richard Wagner var fødd 22. mai 1813 i Leipzig og døydde 13. februar 1883 i Venezia. Han studerte juss i to år ved universitetet i Leipzig frå 1831, utan å fullføre nokon grad. Same året studerte han kontrapunkt under kantoren i Thomaskirche, Theodor Weinlig.
 
Den første stillinga hans var som kormeister ved teatret i Würzburg. I 1834–36 var han musikalsk leiar ved eit omreisande teaterselskap, der han møtte Minna Planer, som han sidan gifta seg med. I juni 1837 tok han over operaen i Riga, der han skreiv den første operaen sin, Rienzi, før kreditorar gjorde at han måtte flykte til Paris. Han kom attende til Tyskland i 1842, der han vart kapellmeister ved Sachsen-hoffet i Dresden. Men etter at demokratiforkjemparen Wagner støtta det mislukka mai-opprøret i 1849, inspirert av Paris-revolusjonen året før, vart han etterlyst og måtte flykte på nytt, denne gongen til Sveits. I 1862 vart eksilet hans oppheva, og han budde ei tid i Preussen, før han i 1864 flytta til München, der den store Wagner-tilhengjaren Ludvig 2. av Bayern betalte all gjelda hans, gav han eit generøst årleg stipend og sytte for at operaene hans vart sette opp i München.
 
Wagner var ein av dei første til å nytte såkalla «leiemotiv» (leitmotiv), musikalske motiv som står for utanommusikalske, dramatiske idear og figurar. Det største og mest ambisiøse verket hans er Nibelungenringen (Der Ring des Nibelungen), ofte berre omtalt som Ringen), ein operasyklus som omfattar fire drama, komponert i 1848–76. I Ringen er leiemotiva så innvovne i musikken at nesten kvar takt inneheld eit leiemotiv eller ein variasjonen av det. Wagner sin bruk av leiemotiv har hatt stor innverknad på all seinare scene- og filmmusikk.
 

Tidlege verk

Wagner sin første oppførte opera, Rienzi, var skriven i Riga. Denne rimeleg konvensjonelle operaen vart oppført i 1842, til stor fagnad. Med Den flygande hollendaren (Der fliegende Holländer), frå året etter, demonstrerte han ei stor musikalsk utvikling, og sjølv om denne operaen ikkje var like populær, vart Wagner utnemnd til kapellmeister ved Dresden-hoffet same året.
 
Dei to neste operaene hans, Tannhäuser og Lohengrin, følgjer i spora til forgjengaren, og med desse tre vart fleire av dei klassiske kjenneteikna hans etablerte, mellom anna handlingar bygde på germanske legender og gjennomgåande meloditema brukte med dramatisk effekt.
 

Eksil i Sveits

I Sveits sleit Wagner med helsa og skreiv lite musikk, men i 1850 publiserte han to viktige essay: «Das Kunstwerk der Zukunft», om forholdet mellom kunstartane, og det antisemittiske «Das Judentum in der Musik». Wagners antisemittisme vart seinare brukt av Nazi-Tyskland for alt han var verd, og heng ved han som ein skugge heilt fram til vår tid.
 
Han skreiv librettoen til Ringen ferdig i 1852, og i løpet av 1857 var dei to første og delar av det tredje dramaet skrivne. Han avbraut arbeidet for å skrive Tristan og Isolde (Tristan und Isolde), men dei økonomiske problema hans heldt fram.
 

Nytt liv i Tyskland

I München fekk Wagner sett opp Tristan og Isolde 10. juni 1865, den første premieren hans på 15 år. Verket kom til å stå svært sentralt i den romantiske perioden, på grunn av den utfordrande tonaliteten, tematisk knytt til den uoppfylte kjærleiken mellom hovudpersonane.
 
Skandalisert av forholdet med den gifte kvinna Cosima von Bülow flytta Wagner til Sveits att, der han gjorde ferdig Meistersongarane frå Nürnberg (Die Meistersinger von Nürnberg) i 1867. Kona hans, Minna, var død året før, og då han og Cosima gifta seg i 1870, hadde dei alt tre born saman. Dei flytta til Bayreuth året etter, der han fekk ferdig operahuset sitt i 1875.
 
I 1876 vart heile Nibelungenringen framført i Bayreuth, med fleire statsleiarar og store musikalske profilar som Grieg, Bruckner og Tsjajkovskij i salen. I 1882 skreiv han Parsifal, som vart sett opp i Bayreuth same året. Wagner døydde av eit hjarteinfarkt i februar 1883, 69 år gamal.
 

Nibelungenringen og «das Gesamtkunstwerk»

I «Das Kunstwerk der Zukunft» («Framtidas kunstverk») frå 1850 la Wagner fram det kunstnarlege programmet sitt. Der introduserte han «das Gesamtkunstwerk», det totale kunstverket, der alle kunstartane underordnar seg fellesskapet og opphøgjer kvarandre i ei guddommeleg eining.
 
Det beste dømet er Nibelungenringen. Det tok Wagner 26 år å skrive verket, frå han starta på librettoen i 1848 til premieren i 1876. Det omfattar fire drama, Rhingullet (Das Rheingold), Valkyrja (Die Walküre), Siegfried og Ragnarok (Götterdämmerung), og handlinga byggjer på dei germanske Nibelungen-sogene og Edda-diktinga. Det tek mellom 15 og 20 timar å framføre heile verket.
 
Der operamusikk før berre støtta og illustrerte teksten, vart musikken hos Wagner likeverdig, om ikkje sterkare, sidan ein ikkje fekk den fulle dramatiske meininga utan å høyre musikken. I Ringen er nesten kvar einaste takt del av eitt eller fleire leiemotiv, og den intrikate musikalske veven formidlar ofte dramatisk informasjon som teksten ikkje nemner. Slik tenking var ekstremt radikal for si tid og endra for alltid tilhøvet mellom kunstartane i sceneproduksjonar.
 
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: Utdrag frå dei fire drama i Nibelungenringen.
 

Wagner og Noreg

Noreg har hatt fleire gode Wagner-tolkarar, der den største er Kirsten Flagstad, ofte hylla som ein av dei fremste operasopranane gjennom tidene. Ho debuterte som Isolde i 1932, song småroller i Bayreuth åra etter, før ho i 1935 fekk gjennombrotet sitt på the Metropolitan i New York, der valkyrja Brünnhilde vart signaturrolla hennar.
 
Den norske operaregissøren Stefan Herheim har gjort stor suksess med dei nyskapande Wagner-oppsetjingane sine, og The Guardian skreiv i 2010 at han «might be the most brilliant Wagnerian alive». Han har regissert Parsifal, Lohengrin, Tannhäuser, Rhingullet og Meistersongarane frå Nürnberg.
 

Kjelder

John Louis DiGaetani: Richard Wagner. New Light on a Musical Life. Jefferson 2014
Donald Jay Grout et al.: A History of Western Music. Sixth Edition. New York 2001
 
Martin Kettle: «Stefan Herheim's Wagner Revolution», The Guardian, publisert på Internett 29.4.2010: http://www.theguardian.com/music/2010/apr/29/stefan-herheim-wagner-opera [lesedato 19.5.2014]
Barry Millington et al.: «Richard Wagner», Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/29769pg1 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 19.5.2014]
Desmond Shawe-Taylor og Alan Blyth: «Flagstad, Kirsten», Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/09778 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 19.5.2014]
Anthony Tommasini: «Fresh Memo From a Desk Full of Song. Reimagining Wagner's 'Meistersinger' at Salzburg Festival», The New York Times, publisert på Internett 5.8.2013: http://www.nytimes.com/2013/08/06/arts/music/reimagining-wagners-meistersinger-at-salzburg-festival.html?_r=1&adxnnl=1&pagewanted=all&adxnnlx=1378476040-JM8+W5dtFmAZcJ7fyDYM2g& [lesedato 19.05.2014]

Først publisert: 22.12.2014
Sist oppdatert: 20.06.2018