Hopp til innhold
X
Innhald

Robert Schumann

Robert Schumann, 1810–56, var tysk komponist. Schumann grunnla tidsskriftet Neue Zeitschrift für Musik i 1834.
Han skreiv klaververk som Carneval og Davidsbündlertänze, 12 «symfoniske etydar», Kinderszenen, Kreisleriana, songar som Dichterliebe, to Liederkreise, Frauenliebe und Leben, fire symfoniar, ein klaverkonsert og kammermusikk. Schumann var gift med pianistinna Clara Wieck (1819– 96), som også var ein gåverik komponist.
 
På grunn av ei alvorleg sinnsliding var han på sjukehus dei to siste åra av livet sitt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.09.2015