Hopp til innhold
X
Innhald

Rudolf von Laban

Rudolf von Laban, 1879–1958, var tsjekkisk dansar, koreograf, pedagog og skapar av eit system for notasjon av rørsler – Kinetography Laban (Schrifttanz, 1928). Von Laban budde i England frå 1937.
Elles dreiv han forsking, mellom anna på samanhengen mellom rørsle og psykologi.
 
Ideane hans har vorte brukte innanfor mellom anna fysio- og psykoterapi, arkitektur og dans.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 26.05.2014