Hopp til innhold
Foto: David Shankbone, Flickr.com CC BY 2.0
Foto: David Shankbone, Flickr.com CC BY 2.0
X
Innhald

Sting

Sting, fødd Gordon Sumner, er ein engelsk musikar, songskrivar og songar. Han vart kjend gjennom rockegruppa The Police og har sidan vorte ein folkekjær artist verda over, med eit brennande politisk engasjement.

Sting er fødd 2. oktober 1951 i Wallsend, utanfor Newcastle i England. Han er utdanna lærar frå Northern Counties College of Education, der han gjekk i 1971–74. Etter utdanninga arbeidde han som lærar og spela i ulike jazzrockgrupper i fritida. I 1977 flytta han til London, der han raskt etablerte seg som bassist og songar i rockegruppa The Police, saman med Stewart Copeland på trommer og Andy Summers på gitar.
Etter fem studioalbum var The Police-trioen verdsstjerner då gruppa vart oppløyst i 1984. Sting har hatt ei lang og rik solokarriere sidan, der han har gitt ut til saman ti studioalbum frå 1985 til 2010 og mange live- og samleplater. Han er ein folkekjær artist verda over og har selt millionvis av album, med Brand New Day (1999) på toppen, med over åtte millionar selde plater. Karakteristisk for musikken hans er politisk engasjerte tekstar og blanding av ulike musikalske stilartar, mellom anna jazz, rock, gospel og verdsmusikk.
Han er utnemnd til Commander of the British Empire (CBE) i England og Chevailer de l'ordre des Arts et des Lettres i Frankrike. Musikken hans har fått elleve Grammy-prisar, og han har ei eiga stjerne på The Hollywood Walk of Fame. Sting er ein engasjert freds- og miljøaktivist og medgrunnleggjar av Regnskogfondet, i tillegg til at han har vore med på mange konsertar for gode føremål, til dømes Band Aid (1984) og Live Aid (1985).
(Artikkelen held fram under biletet)
Foto: Foto: Scott Ableman, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0
Foto: Foto: Scott Ableman, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0
Dei første platene
Sting si musikarerfaring før The Police hadde vore i sjangrane tradjazz og fusion (jazzrock), så det var inga overrasking då han henta inn nokre av dei fremste unge jazzmusikarane i USA til å spele på debutplata si, The Dream of the Blue Turtles frå 1985. Spesielt saksofonist Brandford Marsalis og pianist Kenny Kirkland pregar både denne plata og den neste, ... Nothing Like the Sun, frå 1987, som inneheld svært kjende songar som «Englishman in New York» og «Fragile».
Det politiske engasjementet hans var tydeleg frå starten, og han skreiv ope om kontroversielle emne som gruvearbeidarstreiken i England, den kalde krigen og Pinochet-diktaturet i Chile.
1990-åra
Etter ein pause på slutten av 1980-åra kom Sting tilbake i 1991 med The Soul Cages, som krinsa rundt tema frå oppveksten hans i Wallsend. Språket på plata er drøymande og forteljande, og tekstane handlar om på skipsbygging, havet og forholdet mellom far og son, motivert av bortgangen av foreldra hans. Dette var den første plata med gitarist Dominic Miller, som har spela fast med Sting sidan.
I 1993 gav han ut Ten Summoner's Tales, som er lettare enn forgjengaren og inneheld store hitar som «Fields of Gold» og «If I Ever Lose My Faith in You». Eric Clapton spelar gitar på ein av songane, «It's Probably Me» (frå filmen Lethal Weapon 3), og fleire av songane går i ujamne taktartar, til dømes «Love Is Stronger Than Justice» og «Seven Days».
Oppfølgjaren, «Mercury Falling» frå 1996, er påverka av ei rekkje sjangrar, mellom anna gospel («Let Your Soul Be Your Pilot»), country («I'm So Happy I Can't Stop Crying») og engelsk folkemusikk. Også her brukar han avanserte og uvanlege taktartar på fleire av songane.
Rundt og etter tusenårsskiftet
Sting si flørting med ulike stilartar heldt fram på Brand New Day frå 1999, mest tydeleg på den arabiskinspirerte «Desert Rose», ein duett med den algeriske rai-songaren Cheb Mami. Albumet hadde eit meir moderne lydbilete enn dei føregåande og er det mestseljande i karrieren hans, med over åtte millionar selde plater.
Etter konsertplata ... All This Time frå 2001 gav han ut den siste konvensjonelle studioplata si, Sacred Love, i 2003, der han samarbeidde med mellom anna Mary J. Blige og sitaristen Anoushka Shankar. Etter denne plata gjekk han i ei heilt anna retning med 2006-albumet Songs From the Labyrinth, der han framfører songar av den engelske renessansekomponisten John Dowland, saman med den bosniske luttspelaren Edin Karamazov. Denne plata vart utgitt på det prestisjetunge klassiskplateselskapet Deutsche Grammophon.
Etter The Police sin gjenforeiningsturné i 2007–08 gav han i 2009 ut ei plate med hovudsakleg salmar, julesongar og folkesongar, kalla If On A Winter's Night .... Albumet er heilt akustisk og neddempa og vart urframført hausten 2009 i katedralen i Durham. Studioplata Symphonicities av Sting frå 2010, som inneheld ei rekkje orkesterarrangement av eldre Sting-songar, er framført av Sting, musikarane hans og the Royal Philharmonic Orchestra. I 2013 kom albumet The Last Ship.
(Artikkelen held fram under videoen)
Skodespel
Sting har hatt ei rekkje mindre og større roller i film, teater og fjernsyn, mellom anna i Tolvskillingsoperaen av Weill/Brecht og David Lynch si filmatisering av Frank Herbert-boka Dune frå 1984. Han har hatt gjesteroller som seg sjølv i fleire fjernsynsseriar, mellom anna i The Simpsons, Ally McBeal og Little Britain.
Aktivisme
Han har vore politisk aktiv gjennom heile karrieren og var med på både Band Aid i 1984 og Live Aid i 1985, i tillegg til mange andre konsertar for gode formål. Han grunnla Regnskogfondet i 1989, saman med kona, Trudie Styler, som han har arbeidd aktivt saman med sidan då, mellom anna gjennom årlege støttekonsertar i New York.
Sting i Noreg
Sting har spela i Noreg mange gonger, mellom anna på Koengen i Bergen, Oslo Spektrum og Norwegian Wood i Oslo og på Molde International Jazz Festival. Rogalendingen Kjell Inge Torgersen har gjendikta mange av tekstane hans til nynorsk og gav i 2006 ut albumet Aks av gull, som inneheldt elleve Sting-songar på norsk, mellom andre «Fields of Gold» («Aks av gull») og «Fragile» («Skjøre»).
Kjelder
David Buckley: «Police, The», i Grove Music Online (tilgjengeleg med passord): http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/46605 [lesedato 8.11.12]
Nettstaden til Sting, biografi: http://www.sting.com/biography/ [lesedato 8.11.12] og diskografi: http://sting.com/discography/index/ablum/albumId/319/tagName/Albums [lesedato 25.6.2013]
Nettstaden til Kjell Inge Torgersen: http://www.kjellingetorgersen.no/aksavgull.html [lesedato 8.11.12]
Northumbria University, offisiell nettstad: http://www.northumbria.ac.uk/browse/naa/connect/famous/ [lesedato 25.6.2013]

Først publisert: 13.11.2013
Sist oppdatert: 20.08.2015