Hopp til innhold
X
Innhald

The Police

The Police, britisk gruppe som vart danna i 1977. Nesten heilt frå starten var desse medlemmer: vokalisten og bassisten Sting (fødd 1951), trommeslagaren Stewart Copeland (fødd 1952) og gitaristen Andy Summers (fødd 1942).
Kjenneteiknet til The Police var miksinga av aggressiv rockmusikk, melodisk pop og reggae.
 
Dei slo gjennom kommersielt med Roxanne i 1979, og seinare kom mellom anna Synchronicity (1983).
 
Foto: KoHoSo65 Flickr.com CC BY-NC-SA
Foto: KoHoSo65 Flickr.com CC BY-NC-SA

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.05.2014