Hopp til innhold
X
Innhald

The Rolling Stones

The Rolling Stones, engelsk rockgruppe som vart danna i London i 1962.
Faste medlemmer har vore vokalisten Mick Jagger (fødd 1943), gitaristen Keith Richards (fødd 1943), bassisten Bill Wyman (fødd 1936, slutta i 1992) og trommeslagaren Charlie Watts (fødd 1941). Gitaristen Brian Jones (1942–69) vart etterfølgd av Mick Taylor (fødd 1948), som vart avløyst av Ron Wood (fødd 1947) i 1975.
 
Saman med The Beatles var dei det viktigaste bandet i 1960-åra, og dei er framleis blant dei fremste i rocken.
 
Foto:
Foto: "Zhu" Flickr.com CC BY-NC

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 10.05.2014