Hopp til innhold
X
Innhald

The Shadows

The Shadows, britisk popgruppe som vart danna i 1958. Dei har fått ein heil stilart kalla opp etter seg, «Shadows-stilen», som er ei snill, gitarbasert form for pop. Leiar var gitaristen Hank Marvin, eigentleg Brian Rankin (fødd 1941).
 
The Shadows opptredde under namnet The Drifters som støtteband for Cliff Richard. Den største hitten deira var Apache.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 11.05.2014