Hopp til innhold
X
Innhald

U2

U2, irsk rockgruppe som vart danna i 1976. Gruppa er samansett av vokalisten Bono (eigentleg Paul Hewson, f. 1960), gitaristen The Edge (eigentleg David Evans, f. 1961), bassisten Adam Clayton (f. 1960) og trommeslagaren Larry Mullen Jr. (f. 1961).
 
U2 debuterte med Boy i 1980 og arbeidde seg via ei rekkje sterke utgivingar fram til status som megastjerner med albumet The Joshua Tree i 1987. Vidare kom mellom anna Rattle And Hum (1988), Achtung Baby (1991), Pop (1997), All That You Can’t Leave Behind (2000), How to Dismantle an Atomic Bomb (2004) og No Line on the Horizon (2009).
 
Foto: Federico Eduardo Ratier Flickr.com CC BY-NC-SA
Foto: Federico Eduardo Ratier Flickr.com CC BY-NC-SA

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 29.04.2014