Hopp til innhold
X
Innhald

Vikingarna

Vikingarna, svensk danseband som vart danna i 1959 som Ji-Coo & The Vikings. Det noverande namnet er frå 1961. Dei har gitt ut nærare 30 plater i serien Kramgoa låtar sidan 1975, i tillegg til stor turnéverksemd.
 
Bandet har i stor grad vore prega av vokalistane Stefan Borsch (medlem mellom 1973 og 1978) og Christer Sjögren (sidan 1978). Vikingarna er det mest populære dansebandet i Norden.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 14.05.2014