Hopp til innhold
X
Innhald

William Walton

William Walton, 1902–1983, var britisk komponist. Walton var stort sett sjølvlærd, og han var tidleg inspirert av jazz og musikken til Stravinskij.
 
Han skreiv mellom anna to symfoniar, konsertar for fiolin, bratsj og cello, operaen Troilus and Cressida og oratoriet Belsazzar’s Feast og Façade til tekstar av Edith Sitwell.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 14.05.2014