Innhald
Witold Lutosławski
Witold Lutosławski, 1913–94, var polsk komponist og dirigent. Lutosławski har ein viktig posisjon i nyare europeisk musikkliv.
Viktige verk er mellom andre Musique funèbre for strykarar (1958), Konsert for orkester (1954) og Jeux vénitiens (1961), eit aleatorisk verk. Dei seinare verka, som Chain 2 for fiolin og orkester (1985) og klaverkonserten (1990), er langt mindre radikale i tonespråket.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 26.05.2014