Hopp til innhold
X
Innhald

Zoltán Kodály

Zoltán Kodály [kådaj], 1882–1967, var ungarsk komponist. Kodály samla og gav ut ungarske folkemelodiar, delvis i samarbeid med Béla Bartók.
Elles skreiv han mellom anna operaer, som Háry János, korverk, som Psalmus Hungaricus, og kammermusikk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.05.2014