Hopp til innhold
X
Innhald

Alfred Sjnitke

Alfred Sjnitke, 1934–98, var russisk komponist. Sjnitke er kjend for dei polystilistiske verka sine, som er verk der han tek i bruk stilistiske element frå heile musikkhistoria. Mykje av uttrykkskrafta i musikken hans stammar frå spenninga som oppstår mellom desse ulike elementa.
 
Sjnitke skreiv fem symfoniar, fleire konsertar, eit requiem, fleire strykekvartettar og annan kammermusikk, ballettmusikk over Peer Gynt, ein opera og ei mengd filmmusikk. I tillegg kjem eit bestillingsverk til Griegjubileet ved Festspillene i Bergen i 1993.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 11.05.2014