Hopp til innhold
X
Innhald

Mstislav Rostropovitsj

Mstislav Rostropovitsj, 1927–2007, var sovjetisk-russisk cellist og dirigent. Frå 1974 budde han i USA. Rostropovitsj var ein av dei fremste cellistane i verda og også ein habil pianist.
 
Frå 1977 leidde han National Symphony Orchestra i Washington D.C. Rostropovitsj opptredde også fleire gonger i Noreg, mellom anna med Det norske kammerorkester.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 10.05.2014