Hopp til innhold
X
Innhald

Sergej Pavlovitsj Djagilev

Sergej Pavlovitsj Djagilev, 1872–1929, var russisk kunsthistorikar og ballettimpresario. Djagilev var ein av dei leiande kulturelle nyskaparane i si tid.
 
I 1909 grunnla han Les Ballets Russes og innleidde dermed ein fullstendig revolusjon innanfor ballettkunsten, mellom anna ved hjelp av dyktige koreografar (Fokin, Balanchine) og dansarar (Pavlova, Nisjinskij). Andre kunstnarar, som mellom andre Matisse, Picasso, Stravinskij og Prokofjev, vart nært knytte til produksjonane i gruppa.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.05.2014