Hopp til innhold
Hardingfele. Foto: Ali Eminov, Flickr.com CC BY-NC 2.0.
Hardingfele. Foto: Ali Eminov, Flickr.com CC BY-NC 2.0.
X
Innhald

Hardingfele

Hardingfele, fiolinliknande strengeinstrument med opphav i Hardanger tidleg på 1600-talet.

Hardingfela er rekna som nasjonalinstrumentet i Noreg. Hardingfela har fire spelestrenger og fire eller fem resonansstrenger. Stolen er flatare enn på fiolinen, og hardingfela har eit høgre kvelva lok, ofte med innlegg av perlemor og pryda med roseteikningar.
Hardingfela er utbreidd over heile Vestlandet og sørover, i Setesdal, Telemark, Hallingdal, Numedal og Valdres.
Sjå og høyr Ragnhild Hemsing spele «Valdresguten på hardingfele:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.11.2013
Sist oppdatert: 09.02.2017