Polsdans er namn på norske bygdedansformer i tredelt takt.

Faktaboks

Etymologi

Polsdans kjem av polsk dans, på same måte som andre variantar av namnet

Også kjend som

pols, polsk og i Sverige og Finland polska(a)

Etter gammalt var namnet brukt i Nord-Noreg, det meste av tidlegare Hedmark fylke, av Trøndelag, og på Nordmøre. I Engerdal og Trysil finst det liknande former under namnet runnom. I resten av landet blir dei tilsvarande tredelte bygdedansformene kalla mellom anna springar eller springdans og i Nordfjord også gammalt. Det er mange store skilnader mellom dei norske bygdedansformene i tredelt takt, men knapt noko som tydeleg kan skilja alle polsdansformer frå alle springdansformer.

Polen var eit av dei landa som eksporterte dans til andre landa i Europa på 1700- og 1800-talet. Det finst mange dansenamn som peikar attende på det, som Polonaise (fransk) Polnisher Tanz (Tyskland) Polka (Tsjekkia), og Polen har eksportert mange ulike danseformer til ulike tider, derfor er ikkje polsk dans ein ting. Eksporten til dei nordiske landa var stor. Det var tette kontaktar særleg mellom Sverige og Polen både gjennom krig, politikk og arbeidsvandring. Jamvel i Norden ser vi tydeleg at polsk dans ikkje er ein ting. Den norske og nord-svenske polsdansen er i stor grad bygd på eintaktssnu medan ein del sørsvenske og finske former har bygdedanssnu. Dei finske formene er dessutan like i ofte i todelt som i tredelt takt. Slik er dette to ulike greiner av polsk dans.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Liv Margarete Aastorp

Pols er vel beslektet med svensk polska og ikke svensk polka? Se https://sv.m.wikipedia.org/wiki/Polska_(dans) og også artikkel om polka samme sted.Mvh Liv Margarete Aastorp

svarte Georg Kjøll

Hei Liv. Takk for kommentar! Du har helt rett, og det er nok snakk om en skrivefeil her. Har rettet opp nå og lagt inn lenker i teksten. Alt godt fra Georg

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg