Hopp til innhold

Antikunst

Antikunst eller anti-art er ei nemning som vart brukt av Marcel Duchamp 1914 for å skildre kunstnarlege ytringar som verka utfordrande på fordomsprega meiningar om kunst.

Les meir om Antikunst

Dadaisme

Dadaisme (av dada, fransk barneord for ’kjepphest’, derav ’fiks idé’) er ei retning i kunst og litteratur mellom kubisme og surrealisme.

Les meir om Dadaisme

Empire

Empire [ãpir] (fransk ’keisardømme’) er namn på den seinare perioden av nyklassisistisk stil som nådde høgdepunktet sitt under Napoleon I (i Noreg ca. 1810–40).

Les meir om Empire

Impresjonisme

Impresjonisme (av fransk impression, ’inntrykk’) er ei kunstretning som oppstod i Frankrike i 1860-åra som ein reaksjon mot den konvensjonelle målarkunsten på den tida.

Les meir om Impresjonisme

Kalligrafi

Kalligrafi (av gresk kalos-, ’vakker’, og grafein, ’skrive’) er skjønnskrift eller kunsten å skrive ornamentale bokstavar.

Les meir om Kalligrafi

Mosaikk

Mosaikk (av latin opus musirum, ’arbeid vigd til musene’) er flatedekorasjon som er sett saman av små bitar med forskjellige fargar.

Les meir om Mosaikk

Naivisme

Naivisme er ei samlenemning for ein type kunst som manglar vanlege tekniske dugleikar, og som dermed får ei enkel, ofte barnleg uttrykksform.

Les meir om Naivisme

Op-art

Op-art (av engelsk optical art, ’optisk kunst’) var ei abstrakt kunstretning i 1960-åra der ein arbeidde med geometriske element og optiske verkemiddel.

Les meir om Op-art

Pastoral

Pastoral (av latin pastoralis, jf. pastor) kan anten tyde noko presteleg eller noko som har med sjelesorg å gjere, eller det kan vise til noko som har med «å hyrde» å gjere, altså noko idyllisk og landleg.

Les meir om Pastoral

Plagiat

Plagiat (nydanning av latin plagiarius, ’(menneske)ranar’) er ulovleg bruk av verna åndsverk, til dømes ved kopiering av verket utan samtykke frå rettshavaren.

Les meir om Plagiat

Popkunst

Popkunst, også pop art (frå engelsk popular art) er ei verdsomspennande kunstretning som oppstod i England i 1950-åra, og som særleg fekk slagkraft i USA.

Les meir om Popkunst

Régence

Régence [rezjãs] var ein fransk stil under regentskapet til hertugen av Orleans i åra 1715–23, altså mellom Ludvig XIV og Ludvig XV.

Les meir om Régence

Renessansen

Renessansen (av fransk renaissance, ’atterføding’) var frå ca. 1860 ei vanleg nemning på ein kulturepoke i Europa som varte frå ca. 1350 til 1650.

Les meir om Renessansen

Salongkunst

Salongkunst er ei nedsetjande nemning på måleri og skulpturar av konservativ, publikumsvennleg karakter, gjerne støtta av styresmaktene.

Les meir om Salongkunst

Serpentinata

Serpentinata (italiensk figura serpentinata, ’slangeaktig figur’) er ei nemning innanfor kunsten på ei figurframstilling der menneskekroppen er dreidd i ulike retningar.

Les meir om Serpentinata

Siselere

Siselere (av fransk ciseau, ’meisel’) er å lage mønster i ein metallgjenstand ved hjelp av meisel, fil, stålnål og liknande.

Les meir om Siselere

Taktil

Taktil (av latin tactilis, ’som ein kan røre ved’, til tangere, ’røre [ved]’) er eit omgrep som viser til noko som har med hudkjensla og berøringssansen å gjere.

Les meir om Taktil