Hopp til innhold
X
Innhald

Arte povera

Arte povera (italiensk ’fattig kunst’) er ei kunstretning som oppstod i Italia i 1960-åra.

Ein la vekt på den kunstnariske prosessen og bruk av enkle materiale som til dømes sand, gummi, papir, jord og tøyfiller som vart sette saman i kollasjar og assemblasjar. Sentrale utøvarar var mellom andre Mario Merz og Michelangelo Pistoletto.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016