Hopp til innhold
X
Innhald

Ekspresjonismen

Ekspresjonismen var ei retning i kunsten (t.d. Edvard Munch), men særleg i Tyskland vart ordet også brukt om litteratur.

Ekspresjonistane forkasta den utvendige skildringa i naturalismen og stemningane i impresjonismen. Dei ville skildra det vesentlege i ei sak og let diktarens oppleving forme og farge framstillinga. Inspirasjonskjelder var Nietzsche, Walt Whitmann og Rimbaud. Sentrale namn var

Georg Heym, Georg Trakl og Gottfried Benn. Dei var kulturkritiske og sag moderne sivilisasjon som menneskefiendtleg, i pakt med vitalismen.

Kristofer Uppdal og Tarjei Vesaas har klare impulsar frå ekspresjonismen.

Om artikkelen

Les kjeldelista til periodeartiklane om den nynorske skjønnlitteraturen.

Denne teksten er eit utdrag frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne, og er støtta av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Logoar samarbeidspartnarar nynorsk litteraturhistorie: Logo Samlaget 150 år, logo Fritt Ord og logo Sparebanken Vest.

Først publisert: 18.06.2018
Sist oppdatert: 18.06.2018