Hopp til innhold
X
Innhald

Entartete Kunst

Entartete Kunst (tysk ’degenerert, utarta kunst’) er ei nazistisk nemning på modernistisk kunst som surrealisme, ekspresjonisme og kubisme.

Dette vart sett på som dekadent, ugermansk og øydeleggjande. I 1937–38 heldt ein utstillingar i München som hadde til føremål å gjere denne kunsten til latter. Mange måleri vart brende.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016