Hopp til innhold
X
Innhald

Futurisme

Futurisme (av italiensk ’framtid’) er ei retning i italiensk biletkunst og litteratur.

Futurismen er kopla til manifestet til forfattaren Marinetti frå 1909, der han proklamerte ein framtidskunst der fart, rørsle, teknikk og krig var vesentlege motiv. I målarkunsten søkte ein til dømes å uttrykkje dei ulike fasane i eit handlingsforløp i eitt bilete ved hjelp av formspråket frå kubismen. Viktige representantar er Umberto Boccioni, Carlo Carrà og Giacomo Balla. Fleire av dei italienske medlemmene av retninga knytte seg til fascismen.

Omgrepet blir også brukt om ei russisk kunstretning frå ca. 1910 til midten av 1920-åra. Ho var inspirert av den italienske futurismen, men identifiserte seg med revolusjonen. Mellom andre var Vladimir Majakovskij del av den russiske futurismen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016