Hopp til innhold
X
Innhald

Impresjonisme

Impresjonisme (av fransk impression, ’inntrykk’) er ei kunstretning som oppstod i Frankrike i 1860-åra som ein reaksjon mot den konvensjonelle målarkunsten på den tida.

Ein søkte å gi att augeblinksstemningar ved å måle direkte etter naturen i friluft i ein teknikk der penselstrøk i lyse fargar vart sette direkte på lerretet og ikkje blanda på paletten slik konvensjonen var. Dette gav bilete med ein vibrerande, fargefylt atmosfære, og mellom kunstnarane finn ein namn som Monet, Degas, Renoir og Manet. I musikken er impresjonismen kjenneteikna av raffinert harmonikk og fri form, og ein finn komponistar som Debussy og Ravel.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016