Hopp til innhold
X
Innhald

Kartusj

Kartusj (fransk cartouche, italiensk cartoccio, av latin charta) er eigentleg opprulla papir.

Opphavleg var dette namnet på rammedekor som var forma som halvt opprulla papirblad i samband med titlar, våpenskjold, initialar og liknande. Etter kvart vart ordet også nytta om andre former for dekorativ rammeornamentering som var vanleg i renessansen, barokken og rokokkotida.

Ordet blir også brukt om ei patrontaske eller ei brei skulderreim med ei lita patrontaske som gjerne blir boren til paradeuniform.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016