Hopp til innhold
X
Innhald

Kitsch

Kitsch er noko som blir vurdert som smaklaust og banalt utifrå ei fastlagd norm for kva som er god smak.

Kitsch har utspring i dei billege etterlikningane av kjende kunstverk som ein finn i massekulturen, ofte laga med andre materiale. Den norske kunstnaren Odd Nerdrum kallar seg kitschmålar, og har sidan 1990-åra omtala den figurative kunsten sin som kitsch. Fiduskunst (i Danmark) blir rekna som kitsch.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.08.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016