Hopp til innhold
X
Innhald

Konseptkunst

Konseptkunst er ein internasjonal teori og kunstform som oppstod i 1960- og 1970-åra.

Ideen bak verket blir sett på som viktigare enn det materielle produktet. Konseptkunst kan omfatte dokumentasjonsmateriale, foto, kart, skisser m.m. som refererer til ideen, slik at publikum sjølve må førestille seg kunstverket med sin eigen fantasi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016