Hopp til innhold
X
Innhald

Konstruktivisme

Konstruktivisme var ei russisk kunstretning som rådde i åra 1913–21.

Ein ville skape nye abstrakte kunstformer, særleg skulpturar, for den industrialiserte tidsalderen. Representantar for konstruktivismen er mellom andre Naum Gabo, Antoine Pevsner og Vladimir Tatlin. Ideane deira vart spreidde over heile Europa og i særleg grad vidareutvikla ved Bauhaus-skulen i Tyskland.

Nemninga konstruktivisme blir også brukt om abstrakte kunstretningar generelt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.08.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016