Hopp til innhold
X
Innhald

L’art pour l’art

L’art pour l’art [larporlar] (fransk ’kunsten for kunsten [sin del]’) er eit estetisk prinsipp.

Prinsippet forfektar at kunsten skal dømmast utifrå sine eigne lover, dvs. farge, form, komposisjon osb. Dermed skal han vere reint estetisk orientert og uavhengig av tendensane og moralen i tida.

Slagordet vart skapt i 1836 av Victor Cousin, som var fransk filosof og politikar, med utgangspunkt i estetikken til Immanuel Kant.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.08.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016