Hopp til innhold
X
Innhald

Modernismen

Modernismen er ei samanfattande nemning på ei rekkje avantgarderørsler innanfor kunst, litteratur og musikk.

Modernismen braut fram på midten av 1800-tallet, og prega den vestlege kulturen på store delar av 1900-talet. Modernismen framhevar det nye og overskridande, og bryt gjerne med tradisjonelle uttrykksformer. Han er prega av eksperimentering, kunstnarisk frigjering og framstegstru.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016