Hopp til innhold
X
Innhald

Museum

Museum kjem av det greske ordet museion som tyder ’tempel for musene’.

Privat eller offentleg institusjon eller bygning med samling av gjenstandar av kulturhistorisk, historisk, naturvitskapleg, teknisk eller kunstnarisk interesse som er systematisk ordna og open for publikum. Mange museum driv også med undervisning og forsking.

Adjektivet museal viser til det som har med museum å gjere, og det blir også brukt om noko som er gammaldags.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.08.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016