Hopp til innhold
X
Innhald

Naivisme

Naivisme er ei samlenemning for ein type kunst som manglar vanlege tekniske dugleikar, og som dermed får ei enkel, ofte barnleg uttrykksform.

Omgrepet omfattar både kunstverk som er utførte av skulerte kunstnarar som prøver å oppnå enkelheit, og verk av personar utan kunstnarisk utdanning eller påverknad frå leiande kunstretningar. Viktige namn er mellom andre Henri Rousseau og Grandma Moses. Slik kunst går også under namnet primitivisme.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016