Hopp til innhold
X
Innhald

Nyklassisisme

Nyklassisisme er ei kunstretning i perioden kring 1750–1830.

Nyklassisismen hadde førebilete i klassisk gresk kunst og romersk, greskinspirert kunst. Dette førte også med seg ei revitalisering av ideane frå klassisismen på 1600-talet. Nyklassisismen oppstod som reaksjon mot rokokkoen. Hovudeksponentar i Noreg er målaren Jakob Munch, skulptøren Hans Michelsen og arkitektane Christian H. Grosch og H.D.F. Linstow.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.08.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016