Hopp til innhold
X
Innhald

Realisme

Realisme (av latin res, ’sak’) er eit omgrep som er brukt i fleire tydingar innanfor humaniora.

I filosofien er realismen standpunktet om at det eksisterer ei ytre verd som er uavhengig av medvitet. Det motsette er idealisme. Vidare er realismen ei kunstretning som legg hovudvekta på skildringar som er tru mot det verkelege og utan idealisering. Retninga er prega av skildring av sosiale forhold og samfunnskritikk. Slik sett er ho i slekt med naturalismen. Ein sentral representant er Courbet. I litteraturen blir realismeomgrepet brukt om skildringar av verkelegheita som er nøkterne og objektive, som ein reaksjon mot romantikken. Norske representantar er Alexander Kielland og Jonas Lie.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.08.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016