Hopp til innhold
X
Innhald

Relieff

Relieff (italiensk rilievo, ’det framheva’) er ei framstilling av former som er heva frå ei bakgrunnsflate.

Høgt relieff (fransk haut-relieff) lèt figurane tre kraftig fram, medan lågt relieff (fransk bas-relieff) nyttar lita høgd og kan nærme seg måleriet. Ein egyptisk spesialitet er senka relieff (fransk relief en creux) eller djuprelieff.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 19.10.2016