Hopp til innhold
X
Innhald

Rokokko

Rokokko (av fransk rococo) var ein stilperiode frå ca. 1720 til 1770, mellom barokk og nyklassisisme.

Han oppstod i Frankrike, men spreidde seg til store delar av Europa. Rokokkoen er prega av eit lett, elegant formspråk, som i dekoren har ein dynamisk, asymmetrisk karakter (jf. rocaille). Viktige målarar var mellom andre Watteau, Boucher og Fragonard. Innanfor arkitektur finn ein namn som Pöppelmann og Zwinger, og mellom dei som dreiv med møbelutforming kan ein nemne Hepplewhite og Chippendale.

Rokokkoen kom til Noreg kring 1750, og innanfor rosemåling har avartar av stilen halde seg heilt inn i vår tid. Av arkitektur finn vi til dømes Damsgård hovedgård i Bergen frå 1770-åra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 19.10.2016