Hopp til innhold
X
Innhald

Taktil

Taktil (av latin tactilis, ’som ein kan røre ved’, til tangere, ’røre [ved]’) er eit omgrep som viser til noko som har med hudkjensla og berøringssansen å gjere.

Det blir også brukt som namn på ein eigenskap ved eit todimensjonalt måleri som gir inntrykk av vekt, djupn og tekstur.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 19.10.2016