Wiener Werkstätte
Verkstadsamanslutning for brukskunst som vart stifta i Wien i Austerrike i 1903.
Skiparane var Josef Hoffmann og Kolo Moser, framståande medlemmer av Wiener Sezession. Produkta til verkstadene var gjerne utførte i ein særprega jugendstil som var prega av kontrasten og spenninga mellom svinga linjer og rektangulære element. Wiener Werkstätte vart oppløyst i 1932.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 01.09.2016