Hopp til innhold

Action painting

Action painting (engelsk ’aksjonsmåleri’) er ei uttrykksform som vart utvikla av Jackson Pollock i USA i slutten av 1940-åra innanfor retninga abstrakt ekspresjonisme.

Les meir om Action painting

Colour-field painting

Colour-field painting eller fargefelt-måleri er ei amerikansk nemning på abstrakte måleri som er kjenneteikna ved store område av rein, umodellert farge og enkle, reine former.

Les meir om Colour-field painting

Delineavit

Delineavit (forkorta d. eller delin.; latin ’har teikna’) står ofte på grafiske blad, etter signaturen til kunstnaren, og opplyser om kven som har teikna opphavet til verket.

Les meir om Delineavit

Invenit

Invenit (forkorta inv.; latin ’har funne opp’) står ofte på grafiske blad og viser kven som har måla det opphavlege biletet som er kopiert i koparstikket, raderinga osb.

Les meir om Invenit

Kakemono

Kakemono er eit japansk hengande bilete, gjerne ein biletrull i høgdeformat med motiv som er måla med tusj eller vassfargar på silke eller papir.

Les meir om Kakemono

Manierisme

Manierisme (av italiensk maniera, ’maner’) er ei europeisk kunstretning som oppstod i perioden mellom renessansen og barokken, mellom ca. 1515 og 1610.

Les meir om Manierisme

Minimal art

Minimal art eller minimalisme er ei kunstretning som går ut på å redusere dei kunstnarlege verkemidla til reine, einsfarga flater utan synlege penselstrøk i måleriet, og enkle, geometriske former i skulpturen.

Les meir om Minimal art

Paris-skulen

Paris-skulen (fransk école de Paris) er ei fellesnemning for dei mange franske og utanlandske biletkunstnarane som samla seg i Paris mellom ca. 1900 og 1950.

Les meir om Paris-skulen

Pinakotek

Pinakotek (av gresk pinax, ’måleri’, og theke, ’oppbevaringsstad’) er ein stad der måleri er samla, eller målerisamling.

Les meir om Pinakotek

Pointillisme

Pointillisme (av fransk pointiller, ’setje prikkar’) er ein impresjonistisk målarteknikk der fargen blir sett ublanda på lerretet i små prikkar.

Les meir om Pointillisme

Portrett

Portrett (av fransk portrait) er ei teikning, måleri, foto eller statue som er laga med intensjon om å karakterisere ein person.

Les meir om Portrett

Sfumato

Sfumato (italiensk ’fordampa’) er ein måleteknikk som verkar til å utviske konturane til tinga, og som gir mjuke overgangar mellom lys og skugge.

Les meir om Sfumato

Stilleben

Stilleben (tysk still, ’stille’, og Leben, ’liv’; fransk nature morte, ’død natur’) er ei biletleg framstilling av livlause eller urørlege gjenstandar i målarkunsten.

Les meir om Stilleben

Symbolisme

Symbolisme er ei retning innanfor litteratur og biletkunst som oppstod i Frankrike i 1880-åra som ein reaksjon på krava til objektiv røyndomsskildring i naturalismen.

Les meir om Symbolisme

Syntetisme

Syntetisme er ei stilretning i måleriet frå ca. 1890 som i reaksjon på dei små strøka i impresjonismen og neoimpresjonismen nytta store flater som vart avgrensa av konturar.

Les meir om Syntetisme

Tresnitt

Tresnitt er ein grafisk høgtrykksteknikk der avtrykket blir teke frå ei plate av ein hard tresort der biletet er skore ut i lengderetninga i veden.

Les meir om Tresnitt

Veduttmåleri

Veduttmåleri (av italiensk veduta, ’utsikt’) er landskapsmåleri med ei mest mogleg objektiv og naturtru framstilling av eit landskap eller ein by.

Les meir om Veduttmåleri